6.5. NL-filteret

6.5.1. Oversyn

Figur 15.88. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetreNL-filter

NL står for det engelske “Non Linear” (= ulineær). Filteret er utleidd frå Linux-programmet pnmnlfilt og kombinerar funksjonane utglatting, støvfjerning og gjer skarpare. Filteret arbeider på heile biletet, ikkje på markeringar.

Dette er litt av eit universalfilter med tre distinkte operasjonsmodus. Filteret analyserer kvar piksel i biletet og endrar desse ut frå innstillinga du har vald og ut frå verdien på pikselen og nabopikslane. I staden for å bruke den vanlege 3 × 3 blokka, bruker filteret sekskanta blokker rundt sentrumspikselen. Storleiken på desse blokkene blir bestemt ut frå kva radius du har sett i innstillingane.

6.5.2. Innstillingar

Figur 15.89. Innstillingane for “NL-filteret

Innstillingane for NL-filteret

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Parametrane

  • Alfa: Verknaden av denne glidebrytaren er avhengig av kva filter som er i bruk.

  • Radius: Kontrollerer styrken på filteret (0.33-1.00).

6.5.3. Filter

Verknaden av dei tre filtra du kan velje mellom, er nokså avhengig av kva verdi du har sett på glidebrytaren alfa.

Alfabasert middelverdi (0.0 <= alfa <= 0.5)

Verdien på pikselen i sentrum av sekskanten blir sett til gjennomsnittet av dei sekskanta områda etter at områda er rangerte etter storleik, og den høgaste og lågaste alfa-verdien blir stroken før gjennomsnittet blir rekna ut. Dette betyr at dersom alfa er sett til 0,0 vil filteret verke som eit vanleg sløringsfilter der styrken av filteret blir bestemt av verdien av radius. Når du skal bruke filteret, kan det vere lurt å prøve med alfa = 0,0 og radius = 0,55 som startverdiar. Ønskjer du større verknad, kan du i staden setje radius til 1,0.

Med ein alfa-verdi sett til 0,5 vil verdien av senterpikselen bli sett til gjennomsnittsverdien for sekskantane. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for å fjerne tilfeldig støy i einskilde pikslar i biletet utan å spreie støyen vidare eller å sløre resten av biletet. Du kan fininnstille verknaden med ulike verdiar for radius. For ei lett filtrering kan du prøve med startverdien 0,4 for alpha og 0,6 for radius. Ønskjer du ein tydelegare effekt, kan du prøve med startverdiane alpha = 0.5 og radius = 1.0 .

Optimalt overslag. (1.0 <= alfa <= 2.0)

Dette filteret legg eit sløringsfilter over heile biletet. Det blir rekna ut ein verdi for variajonane i pikslane i dei omkringliggande sekskantane. Mengda av sløring blir så gjort omvendt proporsjonal med denne verdien. Tanken bak dette er at små variasjonar i biletet kjem frå støy, medan større variasjonar høyrer til i biletet.

Også her blir effektiv radius bestemt med innstillingane på glidebrytaren Radius. Radius mellom 0,8 og 1,0 gir som oftast dei mest meiningsfulle resultata ved utrekninga av verdiane for variasjon. I dette filteret bestemmer glidebrytaren Alfa støygrensa. Verdiar over denne grensa blir mindre utglatta enn dei lågare verdiane. Dette betyr i praksis at låge alfa-verdiar lager små endringar i biletet, medan høgare verdiar vil gjere heile biletet mjukare. Ei god startsetting kan vere alfa = 1,2 og radius = 1,0. Deretter aukar eller minkar du alfa-verdien til du eventuelt finn ein passande verdi. Dette filteret høver kanskje best for bilete som er blitt litt uskarpe fordi du ikkje har halde kameraet roleg.

Kantforbetring. (-0,1 >= alha >= -0,9)

Dette filteret verkar omvendt av det førre filteret. Det forsterkar kantar i biletet. Alpha-innstillinga kontrollerar mengda av kantforbetring, frå nesten ingenting (-0,1) til det heilt overdrivne (-0,9). Også her bestemmer radius effektiv radius. Brukbare verdiar kan vere mellom 0,5 og 0,9. Eit høveleg startgrunnlag kan vere alfa = 0,3 og radius = 0,8 .

Filterkombinasjonar

Det er ingenting i vegen for å køyre eit filter fleire gonger, eller å bruke ulike filter på same biletet. Ønskjer du for eksempel å gjere eit uskarpt monokromatisk bilete om til eit gråskalabilete, kan du prøve ein eller to rundar med utglattingsfilteret (Alfabasert middelverdi) og deretter ei gjennomkøyring med filteret Optimalt overslag. Til slutt prøver du ei forsiktig kantforbetring. Som oftast blir resultatet best når du køyrer kantforbetringa til slutt i prosessen. Dette fordi kantforbetring er det motsette av utglatting.

For å fjerne spor etter fargekvantisering, t.d. når eit GIF-bilete blir omforma tilbake til 24-bits bilete, kan du prøve filteret ei gjennomkøyring med optimalt overslag med innstillingane alpha = 1,2 og radius = 1,0 og deretter ein runde med alfabasert middelverdi med alpha = 0,5 og radius = 0,55. Kanskje også ei kantforbetring til slutt. Har du bruk for store endringar med filteret optimalt overslag, vil resultatet som ofatast bli betre om du køyrer filteret fleire gonger med minkande alpha-verdiar enn om du køyrer det ein gong med store alpha-verdiar. Det er kanskje også på sin plass å minne om at det alltid er ein samanheng mellom graden av filtrering og tap av detaljar i biletet. Den beste løysinga er å prøve seg fram.