13.8. Rutenett

13.8.1. Oversyn

Figur 15.260. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Rutenett


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterMønsterRutenett

Dette filteret teiknar eit rutenett på biletet. Du kan bestemma linjebreidde, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene og krysningspunkta for linjene. I utgangspunktet bruker filteret forgrunnsfargen i verktøyskrinet som linjefarge.

[Tips] Tips

Dersom du set linjebreidda til 0, vil bare krysspunkta vere synlege som små kryss.

13.8.2.

Figur 15.261. Innstillingane for filteret “Rutenett

Innstillingane for filteret Rutenett

Du kan setje verdiane for dei vassrette og loddrette linjene og for krysspunkta kvar for seg. Normalt er innstillingane for linjene låste saman for å gi eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkesymbolet for å opna låsen og t.d. bruke ulike fargar på linjene.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i gitteret etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Linjebreidde

Bestemmer breidda på streken linjene eller symbola i krysspunkta blir teikna med.

Avstand

Dette bestemmer avstanden mellom linjene i rutenettet. For Krysspunkta bestemmer dette parameteret kor stor del av innerdelen av krossen som skal vere utan farge.

Forskyving

Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne. For krysspunkta bestemmer dette parameteret armlengda på krossane.

Fargeveljarane

Dersom du klikkar i desse boksane, vil du opna for ein fargeveljar som kan brukast for å bestemma fargen på linjene i rutenettet og for krysspunkta.