9.2. Linserefleks

9.2.1. Oversyn

Figur 15.109. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Linserefleks


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLyseffektarLinserefleks

Dette filteret imiterer “solrefleksar” i linsa. Som oftast er dette nokså uønska, men kan altså ein gong i blandt gi ein spesiell effekt til biletet. Du kan plassere refleksen på biletet ved å klikke med musepeikaren på førehandsvisinga eller ved å skrive inn koordinata for refleksen. Filteret er enkelt og raskt i bruk, men er ikkje så omfattande som filteret G-refleks.

9.2.2. Innstillingar

Figur 15.110. Innstillingane for filteret “Linserefleks

Innstillingane for filteret Linserefleks

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykke på knappen OK.

Parametra

  • Sentrum for refleksen: Her kan du skrive koordinata for refleksen. Som vanleg er startpunktet (0,0) i øvre, venstre hjørne.

  • Vis markøren: Dette er ikkje den vanlege musemarkøren, men to kryssande hjelpelinjer som viser sentrum for refleksen. Dei aktuelle koordinata blir viste i rutene X og Y.

Musepeikaren

Du kan flytte rundt i førehandsvisinga med den korsforma musemarkøren og klikke der du ønskjer refleksen skal vere. Dette gjeld også om det ikkje er markert for Vis markøren.