3.14. Filterpakke

3.14.1. Oversyn

Figur 15.46. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret sett til meir blått, høgare metning


Dette er eigentleg ei samling av ulike filter sett saman slik at det er lett å få oversyn og å samanlikna verknaden. Du kan sjølvsagt utføra det same med dei einskilde filtra, men her er dei altså samla.

3.14.2. Opning av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarFilterpakke

3.14.3. Innstillingar

Figur 15.47. Innstillingane for filtersamlinga “Filterpakke

Innstillingane for filtersamlinga Filterpakke

Førehandsvisingane

Dialogvindauget har to førehandsvisingar, ei som viser originalbiletet og ei som viser korleis biletet vil sjå ut akkurat nå dersom du trykker OK-knappen.

Vis

Her bestemmer du kva som skal førehandsvisast:

  • Heile biletet: (Dette er normalinnstillinga).

  • Bare markeringa: Dersom det finst ei markering.

  • Markering i samanheng: Heile biletet med synleg markering.

Vindauge

Her bestemmer du kva filter som skal brukast. Du kan velje mellom:

  • Kulør: Lager ei førehandsvising for kvar av dei tre primærfargane og for dei tre komplimentærfargane på basis av fargemodellen RGB. Dermed er det bare å klikke på den ruta som passar best. Den ruta du klikkar på, blir sett i sentrum. Dermed er det bare å halde fram med klikkinga til du finn det biletet som passar.

    Figur 15.48. Vala for kulør i filteret “Filterpakke

    Vala for kulør i filteret Filterpakke

  • Metning: Tre førehandsvisingar for meir eller mindre metning.

    Figur 15.49. Metning i filteret “Filterpakke

    Metning i filteret Filterpakke

  • Verdi: Tre førehandsvisingar med meir eller mindre lysverdi (luminitet).

    Figur 15.50. Verdi i filteret “Filterpakke

    Verdi i filteret Filterpakke

  • Avansert: Desse innstillingane blir omtalte i dei neste avsnitta.

Påverka område

Påverka område gir deg høve til å velje kva lysområde innstillingane skal verka på. Du har følgjande val:

  • Skyggar: Mørke toner.

  • Midttoner: Middels opplyste område

  • Høglys: Lyse toner

Vel piksel etter

Bestemmer kriteria for utveljinga av pikslane. Du har valet mellom:

  • Kulør

  • Metning

  • Verdi

Storleik

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje biletet skal endrast når du klikkar på eit vindauge. Korte (0) eller lange (1) steg, eller noe i mellom.

Avanserte innstillingar

Figur 15.51. Avanserte innstillingar for filteret “Filterpakke

Avanserte innstillingar for filteret Filterpakke

Desse innstillingane blir brukte for å bestemma meir nøyaktig korleis filtra skal påverka biletet og kor stor førehandsvisingane skal vere.

Storleik på førehandsvisinga

Her kan du forandra storleiken på førehandsvisinga til mindre enn eller større enn normalstorleiken, som er 80.

[Tips] Tips

Trass i at du kan auke førehandsvisinga ein del, hender det ofte at ho blir i minste laget. Dette kan du omgå ved å arbeide på ei forstørra markering av biletet, for eksempel eit portrett. Deretter inverterer du markeringa og arbeider på resten av biletet.

Førehandsvis medan du teiknar

Veit ikkje kva denne gjer.

Endringsvekting

Denne kurva viser vektinga av endringane gjort i biletet. Området kurva verkar på blir bestemt av verkeområdet som er sett: skyggar, mellomtoner eller høglys. Amplituden for kurva blir sett med glidebrytaren Steglengde i hovudvindauget for filteret.

Innstillingane her påverkar overgangane mellom fargetonene. Med glidebrytaren er sett til 0 blir kurva kantete og overgangane hakkete. Trekantane under kurva blir brukte for å finjustera overgangane mellom fargetonene. [6].



[6] Forklaringa mi til denne dialogen, og namnet på funksjonen, stemmer ikkje heilt med originalen. Dette fordi den engelske utgåva førebels er noe upresis.