14.3. Film

14.3.1. Oversyn

Figur 15.288. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Film


Dette filteret lar deg setje inn eitt eller fleire bilete på ein filmstrimmel.

[Notat] Notat

Filteret inverterer ikkje fargane, så “filmen” blir ein positivfilm av same type som blir brukt til lysbilete for dias eller kino.

14.3.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKombinerFilm

14.3.3. Innstillingar

Utval

Figur 15.289. Innstillingane for filteret “Film

Innstillingane for filteret Film

Tilpass høgda etter bileta

Dersom det er merka av for dette valet, vil breidda på filmen bli den same som bilethøgda.

Høgd

I staden for å tilpassa filmen etter bilethøgda, kan du her bestemma høgda på filmen, dvs. breidda på filmstrimmelen. Dersom bileta har ulike format, vil dei bli skalerte til den høgda du skriv inn her.

Farge

Klikk på fargeruta for å få opp fargeveljaren for å velje farge på den delen av filmen som er rundt og mellom bileta.

Starttal

Definerer kva tal nummereringa av bileta skal starte frå.

Skrifttype

Ved å trykke på ruta for skrifttypar kan du velje skrifttype for tala på filmstripa i dialogvindauget som dukkar opp.

Farge

Klikk på fargeruta for å få opp fargeveljaren for å velje skriftfarge på filmen.

Øvst, Nedst

Her bestemmer du plasseringa av tala på filmstripa.

Tilgjengelege bilete

Denne lista viser bileta som var opna då du opna filteret. Du kan plukke dei bileta som skal vere med på filmen frå denne lista.

På filmen

Viser bileta som skal vere med på filmen.

Legg til

Klikk på denne knappen for å legge det biletet du har markert i “Tilgjengelege bilete” inn i lista “På filmen”.

Fjern

Trykk på denne knappen for å fjerna eit markert bilete frå lista “På filmen”.

Avanserte innstillingar

Figur 15.290. Innstillingane i fanen “Avansert

Innstillingane i fanen Avansert

Bilethøgde

Definerer høgda på bileta på filmstripa.

Biletavstand

Definerer avstanden mellom bileta på filmstripa.

Holforskyving

Bestemmer kor langt det første gripeholet skal vere frå biletkanten.

Holbreidde

Bestemmer kor breie gripehola skal vere.

Holhøgd

Bestemmer kor høge gripehola skal vere.

Holavstand

Bestemmer avstanden mellom gripehola.

Talhøgde

Bestemmer kor høge biletnummera skal vere.