Storleiksbehandlaren er ein del av filteret GIMPressionist. Du opnar behandlaren ved å klikke på knappen i fanen “Storleik” i innstillingane for dette fiteret. Behandlaren blir brukt til å bestemma kor store malingstrøka i filteret skal vere.
Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.
Det venstre vindauget (Sm-vektorar) blir brukt for å plassere vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Den aktive vektoren er raudfarga, dei andre vektorane er farga grå.
Du kan legge til vektorar ved å trykke på knappen
, som lagar ein ny vektor i sentrum av biletet, eller du kan klikke med den der du ønskjer den nye vektoren skal plasserast.Dersom du klikkar på den
, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.Den
er ikkje i bruk i denne dialogen.Du kan velje kva for vektor som skal vere den aktive ved å klikke på knappane
og .Trykk på knappen Fjern for å fjerne den aktive vektoren.
Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet.
Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.
Endrar eksponenten for penselstrøket (kva nå dette måtte bety).
Sjå under Retningskartbehandlaren for ei nærare forklaring.