3.5. Prosedyrelesaren

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-05 KoSt

Prosedyrelesaren viser dei prosedyrane som finst i prosedyredatabasen PDB. Desse prosedyrane er funksjonar som blir kalla opp av skript eller programtillegg. Du finn meir om dette i ordlista under PDB. Lesaren blir mest brukt av folk som skriv eigne skript eller programtillegg.

3.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til undermenyen frå menylinja i verktøyskrinet via UtvidProsedyrelesar

3.5.2. Beskriving av dialogvindauget for “Prosedyrelesaren

Figur 14.14. Dialogvindauget for “Prosedyrelesaren

Dialogvindauget for Prosedyrelesaren

Figuren ovanfor viser dialogvindauget for Prosedyrelesaren. Dersom du klikkar på eit prosedyrenamn i lista til venstre, vil det dukka opp litt informasjon om programmet til høgre i vindauget. Du kan også søke etter ein prosedyre ved å skrive namnet, eller deler av det, i tekstruta Search: og deretter klikke på knappen Search by Name. Det er også råd å søke på beskriving ved å skrive ein passeleg søkestreng i tekstruta og trykke på knappen Search by Blurb. (Heller ikkje her blir den norske omsettinga registrert i mi utgåve av GIMP).