8.15. Fest til rutenett

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1922 $ 2007-02-15 KoSt

Denne kommandoen koplar funksjonen Fest til rutenett på eller av. Når funksjonen er aktivisert, blir rutenettet gjort “magnetisk”. Dette betyr at dersom du flytter ei markering (eller eit lag) og slepp denne, vil markeringa bli soge inn til næraste linje i rutenettet og sett fast der. Dette kan du nytte deg av for nøyaktig plassering av biletelement. (Sjå eventuelt Vis rutenett).

8.15.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisFest til rutenett.