8.3. Punkt for punkt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1806 $ 2007-02-14 KoSt

Kommandoen Punkt for punkt slår modus “Punkt for punkt” av og på. Dersom han er på, dvs. merka i ruta framføre namnet, og zoomfaktoren er sett til 100%, vil kvar piksel i biletet bli vist som ein piksel på skjermen. Dersom “Punkt for punkt” er slått av, vil biletet bli vist i verkeleg storleik, altså så stort som det blir i utskrift.

For at dette skal vere tilfelle, må oppløysinga til skjermen vere den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen Innstillingar.

Du bør ha denne metoden aktivisert når du arbeider med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeider med bilete som skal skrivast ut, er det enklare å slå av Punkt for punkt.

Litt forklaring:

Dersom du ønskjer å forstå korleis kommandoen verkar, kan kanskje dette eksemplet vere til nytte. Vi går ut frå følgjande eigenskapar for biletet:

8.3.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisPunkt for punkt.