Opna eit bilete eller begynn på eit nytt
Aktiver snarmaska ved å klikke på knappen nede til venstre i biletvindauget. Dersom det finst ei markering i biletet, vil maska bli avgrensa av denne markeringa.
Vel eitt av teiknereiskapa og mal med svart der du ønskjer å fjerna eit område og med kvitt for å legge til eit område. Bruk gråfarge for å markera eit område delvis.
Du kan også lage ei markering med eitt av markeringsverktøya og fylle denne med svart, kvitt eller grått med fyllverktøyet. Dette øydelegg ikkje snarmaskemarkeringane.
Slå snarmaska av og på ved å bruke Snarmaskeknappen i nedre, venstre hjørnet i biletvindauget.