Banane endrar ikkje innhaldet i eit bilete utan at dei blir streka opp. Du kan bruke → i biletmenyen. Du kan også bruke knappen i innstillingsdialogen som kjem fram dersom du vel bane frå verktøyskrinet. Endeleg også knappen nedst i banedialogen.
Vel du “Strek opp bane” på ein av desse måtane, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma korleis oppstrekinga skal sjå ut. Som du ser på figuren, har du mange val. I tillegg kan du bruke alle teikneverktøya.
Du kan teikne opp ein bane fleire gonger og med ulike verktøy og verktøyinnstillingar.