4.2. Å forandra storleiken (Skalering)

Problem: Du har eit stort bilete som du ønskjer å gjere mindre for å kunne bruke det på ei nettside. Her har GIMP ei rask løysing. Som eksempelbiletet bruker vi m51_hallas_big.jpg frå APOD [APOD03].

Figur 3.11. Eksempelbilete for skaleringa

Eksempelbilete for skaleringa

(Biletet er her sterkt redusert for å passe i handboka)


Det første du kanskje legg merke til, er at GIMP opnar biletet i ein passande storleik. Dersom biletet er skikkeleg stort, slik som eksempelbiletet, vil det bli vist forminska slik at det passar til skjermen. At biletet ser passeleg ut på skjermen, treng altså ikkje bety at dette er den rette storleiken. Du kan sjå om biletet er forminska ved å kikke på prosenttalet i tittellinja, eller eventuelt nede på biletramma, avhengig av kva oppsett du bruker.

Opp på tittellinja finn du også opplysningar om kva fargemodus biletet er i. Dersom du her finn RGB, er alt greitt. Står det i staden Indeksert eller Gråskala, bør du kanskje kikke litt på Seksjon 4.6, “ Forandre biletmodus.

Figur 3.12. GIMP brukt til skalering

GIMP brukt til skalering

Menyen som er vist på biletet over dukkar opp når du høgreklikkar medan musepeikaren er i biletet. Flytt peikaren nedover menyen til du kjem til Bilete. Der klikkar du på Skaler biletet... i tilleggsmenyen som dukkar opp. Når du klikkar på eit menynamn med “...” etter seg, må du rekne med at det dukkar opp eit dialogvindauge, i dette tilfellet dialogen for Skaler biletet.

Figur 3.13. Dialogvindauget for å skalere biletet målt i pikslar

Dialogvindauget for å skalere biletet målt i pikslar

Dersom du har bestemt deg for kor breidt biletet skal vere, skriv du dette talet inn i ruta Breidde. I dette tilfellet er måleeininga pikslar. Er du usikker, kan du bruke 256, som er standardformatet i GIMP.

Figur 3.14. Dialogvindauget for å skalere biletet målt i tommar

Dialogvindauget for å skalere biletet målt i tommar

Kanskje du heller vil at biletet skal sjå meir ut som eit 4 × 6 tommars (10 × 14 cm) foto vist på vanleg skjerm. Bytt måleeining til tommar og skriv 4 ruta for høgde. Dersom breidda blir større enn 6 når du trykker Enter-tasten, skriv 6 i breidderuta i staden. Legg merke til at under desse innskrivingsboksane blir dimensjonane på biletet oppgitt i pikslar uansett kva måleeining du bruker.

Skriv inn bare ein av dimensjonane og la GIMP velje den andre for deg. Vil du av ein eller annan grunn forandre begge måla, sjå meir om dette i Seksjon 4.4, “ Beskjer biletet.