Verktøyet for frihandsteikna markering blir brukt når du har behov for å lage ei markering på frihand, teikna med musepeikaren medan du held nede den venstre museknappen. Når du slepp museknappen, vil det siste punktet i teikninga bli kopla saman med det første punktet med ei rett linje. Du kan gå på utsida av biletet og kome inn att, dersom du har behov for det. Lassoen er nyttig når du ønskjer ei røff markering, men er dårleg eigna til presise markeringar. Bruker du GIMP ofte, vil du kanskje finna at det er enklare å grovteikna med frihandsmarkeringa for deretter å bruke snarmaska for å setja detaljane.
Sjå Markeringsverktøya for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet blir omtalte i dette avsnittet.
Notat | |
---|---|
Har du tilgang på digitalt teiknebrett, vil du finne at dette er mykje enklare i bruk saman med dette verktøyet enn datamusa. |
Du kan hente fram markeringsverktøya på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet
Eller med tastesnarvegen F.
Dette verktøyet har ingen moderatortastar utanom dei som er felles for alle markeringsverktøya.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar utover dei som er omtalte i felles eigenskapar.
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.