Verktøyet Marker etter farge blir brukt for å velje område på biletet etter fargelikskap. Verktøyet liknar på Tryllestaven, men medan denne vel samanhengande område, plukkar Marker etter farge punkt med same farge over heile biletet, uavhengig av avstanden mellom dei. Å klikka og dra med musemarkøren på biletet har heller ingen verknad.
Du kan aktivera marker etter farge på tre måtar: Frå biletmenyen via → → , frå verktøyskrinet ved å klikke på ikonet eller frå tastaturet med bokstaven O. (Legg merke til at dette er stor O, ikkje liten o eller talet 0 (null).
Dette verktøyet har ingen spesielle tastekombinasjonar utover dei som er omtalte som felles for alle markeringsverktøya.
Notat | |
---|---|
Sjå felles eigenskapar for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet blir omtalte i dette avsnittet. Legg merke til at dette er dei same som for Tryllestaven. |
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.
Desse innstillingane påverkar måten Marker etter farge spreier seg utover frå det valde startpunktet.
Vel gjennomsiktige område. Dersom denne er avmerka, vil Marker etter farge kunne velje fullstendig gjennomsiktige område. Er han ikkje avkryssa, vil gjennomsiktige område ikkje bli inkluderte i markeringa.
Markeringsfletting. Dette valet kan vere relevant når du har mange lag i biletet, og det aktive laget anten er litt gjennomsiktig eller er sett til ein annan modus enn normal. Dersom dette er tilfelle, vil fargane i laget vere annleis enn fargane i det synlege biletet. Marker etter farge vil reagere på fargane slik dei ser ut for oss. Dersom valet er umarkert, vil Marker etter farge reagere bare på fargane i det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Markeringsfletting.
Terskel. Denne glidebrytaren bestemmer kor like fargane må vere fargen du klikkar på i startpunktet for å bli tatt med i markeringa. Dess større verdi, dess større område.
Notat | |
---|---|
Å flytte markeringar: For å kunne flytte eit område markert med dette verktøyet, må du først velje eit anna markeringsverktøy. |