10.22. Fargebalanse

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1932 $ 2007-02-22 KoSt

Kommandoen Fargebalanse justerer automatisk fargane i det aktive laget ved å strekke ut kanalane for raud, grøn og blå kvar for seg. Dette blir gjort ved at fargar som blir brukte av mindre enn 0,05 % av pikslane i laget blir fjerna frå kvar ende av kvart av histogramma for raud, grøn og blå. Dei resterande pikslane blir best mogleg fordelte i det ledige området. Resultatet blir at fargar som bare finst i små mengder i ytterpunkta av histogramma (dette er kanskje støvflekkar o.l.) ikkje har noen negativ påverknad på maksimums- og minimumsverdiane som bli brukte for å strekke histogrammet. På same måten som for Strekk kontrast, kan du oppleva kulørskifte i det ferdige biletet. “Kvitbalanse” verkar på lag frå RGB- og gråskalabilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.

10.22.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagFargarAutoFargebalanse

10.22.2. Eksempel på bruk av “Fargebalanse

Figur 14.91. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av “Fargebalanse”.


Figur 14.92. Biletet etter utføringa

Biletet etter utføringa

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av “Fargebalanse”.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.