10.37. Trekk frå markering

Kommandoen Trekk frå markering omformar lagmaska i det aktive laget til ei markering som deretter blir trekt i frå den markeringa som finst frå før i laget. Kvite område i lagmaska blir til markerte område og svarte område blir umarkerte. Grå område blir til delvis markerte område. Sjølve lagmaska blir ikkje forandra.

10.37.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskerTrekk frå markering

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.37.2. Illustrasjon av “Trekk frå markering

Figur 14.106. Illustrasjon av “Trekk frå markering

Illustrasjon av Trekk frå markering

Til venstre ser du originalbiletet med ei markering. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen “Alfakanalen til laget”, og til høgre etter bruk av kommandoen “Trekk frå markering”.