Når du klikkar på
blir det slått på eller av eit merke framføre oppføringa. Når merket er synleg, viser dette at maska er sett som den aktive komponenten i laget. Dette blir også vist med ei kvit ramme rundt lagmaska i lagdialogen. Når merket ikkje er synleg, er det laget sjølv som er den aktive komponenten. Dette blir vist med ei kvit ramme rundt miniatyren av laget i lagdialogen. Du kan også velje komponent ved å klikke på den i lagdialogen.