10.46. Trekk frå markering

Kommandoen Trekk frå markering lagar ei markering frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Den nye markeringa blir trekt frå den eksisterande markeringa. Alfakanalen blir ikkje forandra.

10.46.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til alfakanal

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.46.2. Eksempel

Figur 14.112. Bruk av “Trekk frå markering

Bruk av Trekk frå markering
Bruk av Trekk frå markering

Den eksisterande rektangulære markeringa er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.