12. Filter”-menyen i biletvindauget

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1939 $ 2007-03-03 KoSt

12.1. Innleiing til menyen “Filter

Figur 14.128. Filter”-menyen

Filter-menyen

I GIMP sin termionologi er eit filter eit programtillegg som modifiserer innhaldet i det aktive laget i eit bilete. Rett nok oppfyller ikkje alle oppføringane i denne menyen denne definisjonen. Faktisk finst det kommandoar som ikkje endrar biletet i det heile. Definisjonen på “filter” er såleis eigentleg på ingen måtar dekkande.

Med unntak av dei tre øvste kommandoane, er alle dei andre kommandoane i Filter-menyen programtillegg. Sidan kvart programtillegg sjølv bestemmer plasseringa av menyoppføringa, kan innhaldet i denne menyen variera frå brukar til brukar. Dersom du ikkje har tilføyd andre programtillegg enn dei som kjem saman med GIMP, skulle menyen likevel sjå ut omlag som på biletet øvst på denne sida.

Sidan programtillegga sjølv bestemmer kor dei skal plasserast i menysystemet, kan dei eigentleg hamna kvar som helst. Mange gjer også det. For eksempel er Halvutflating i Lag-menyen eit slikt tilleggsprogram. Dei aller fleste programtillegga legg seg likevel i Filter-menyen.

Du kan finne meir om programtillegga og bruken av dei i kapitlet om Programtillegg. Vidare finn du meir informasjon om kvart av filtra som følgjer med GIMP i kapitlet om Filter. Dersom du installerer filter sjølv, må du referere til informasjonen som følgjer med filtra.