Dialogen dimensjonane og oppløysinga biletet skal ha når du skriv det ut. Talet på pikslar i, eller storleiken på biletet blir ikkje forandra. Ønskjer du å forandra storleiken, bruker du kommandoen Skaler biletet.
blir brukt for å setjeUtskriftoppløysinga bestemmer kor mange pikslar det går på kvar del i måleeininga. Dette er ikkje det same som skrivaroppløysinga, som blir uttrykt i dpi (dots per inch = prikkar per tomme). Det går med fleire slike “dots” for å skrive ut ein piksel.
Når du opnar dialogvindauget, blir biletoppløysinga vist i tekstrutene. Dersom du aukar utskriftoppløysinga, vil du sjå at formatet minkar. Dette fordi det blir brukt fleire pikslar for å få fram ei bestemt lengde på biletet. Det er vel unødvendig å skrive at lågare oppløysing fører til at biletet blir større.
Aukar du oppløysinga, blir biletutskrifta skarpare. Verken pikslane eller annan informasjon om biletet blir forandra. Difor er dette ein heilt annan prosess enn å endre storleiken ved å skalere biletet.