9.23. Ny hjelpelinje (i prosent)

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1968 $ 2007-02-20 KoSt

Kommandoen Ny hjelpelinje (i prosent) plasserer ei hjelpelinje i biletet med koordinata spesifiserte i prosent av høgde og breidde.

[Tips] Tips

Du kan legge til hjelpelinjer mykje raskare ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar. Rett nok er det vanskelegare å plassere hjelpelinjene nøyaktig på denne måten, men som oftast går det bra.

9.23.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BileteHjelpelinjerNy hjelpelinje (i prosent).

9.23.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 14.74. Dialogvindauget for “Ny hjelpelinje (i prosent)

Dialogvindauget for Ny hjelpelinje (i prosent)

Retning

Du kan velje mellom Horisontal eller Vertikal plassering ved hjelp av nedtrekkslista.

Posisjon

Du kan også bestemme Posisjonen til den nye hjelpelinja. Utgangspunktet er øvre, venstre hjørne.