9.20. Flat ut biletet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1823 $ 2007-02-19 KoSt

Kommandoen Flat ut biletet flettar saman alle laga i biletet til eitt lag, utan alfakanal. Etter at biletet er flata ut, er innhaldet det same som før, men nå er alt samla i eitt enkelt lag utan gjennomsikt. Dersom noen deler av biletet er gjennomsijtige gjennom heile lagstabelen, blir bakgrunsfargen synleg her.

Operasjonen gjer store forandringar i biletet. Til vanleg er denne flettinga bare nødvendig når biletet skal lagrast i eit format som ikkje har støtte for lag eller gjennomsikt.

9.20.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via BileteFlat ut biletet.