4.4. Dagens tips

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-06 KoSt

Kommandoen Dagens tips opnar eit vindauge med nettopp Dagens tips. Dette er hint som kan hjelpe deg til betre å forstå ein del av dei tinga du kan gjere i GIMP. Ofte ting som ikkje er lette å oppdaga direkte frå dei vanlege metodane. Dette er særleg nyttig for nye brukarar, men også dei avanserte kan av og til oppdaga nye måtar å gjere tinga på.

4.4.1. Aktivere kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå verktøymenyen via HjelpDagens tips

4.4.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 14.17. Dialogvindauget for“Dagens tips

Dialogvindauget forDagens tips

Det blir gitt eit nytt tips kvar gong du opnar GIMP. Dersom du ikkje ønskjer denne funksjonen, kan du slå han av ved å avmarkere i boksen Vis dagens tips ved opning av GIMP.