Kommandoen Lagra biletet”. I utgangspunktet viser dialogen eit innskrivingsfelt for å gi fila eit namn, og ei nedtrekksliste med bokmerke for å velje ein stad å lagra biletet. Normalt blir filtypen bestemt ut frå utvidinga du skriv inn, t.d. .jpg for ei JPEG-fil. Du kan også opna for Vel filtype og plukke ein filtype frå lista. Det er lett å velje feil filtype, så ver litt forsiktig om du bruker denne metoden.
opnar dialogen “Dersom du ikkje finn den ønskte lagringsplassen i denne lista, kan du klikka for Bla etter andre mapper for å opna dialogen i full storleik. Du kan finna meir om utsjånaden og om korleis bruke bokmerke i avsnittet Filer.
Dersom du har lagra biletet tidlegare, og ikkje har behov for å gjere endringar i noen av innstillingane, kan du bruke kommandoen Lagra i staden.
Det er to ulike utgåver av dialogvindauget for
. I den enkle forma kan du bare skrive inn filnamnet og velje mappa biletet skal lagrast i. Dersom mappa ikkje finst i lista, kan du skrive inn heile banen til fila, saman med filnamnet. Ønskjer du tilgang til heile harddisken, klikker du på for å opna filutforskaren. Endeleg kan du også bestemme filformatet ved å skrive ei høveleg filutviding som t.d. .xcf eller .png.
Det venstre panelet er delt i to. I den øvre delen finn du ei liste over hovudkatalogane og tilgjengelege lagringsmedia. Du kan ikkje gjere endringar i denne lista. Den nedre delen viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse etter behov. For å legge til eit bokmerke, vel du ein katalog eller ei fil i midtpanelet og trykker på knappen . Dersom maskinen din er sett opp slik, kan du også bruke Legg til bokmerke i menyen som kjem fram når du høgreklikkar. Du kan fjerne eit bokmerke ved å markera ønskt merke og trykke på knappen . |
||||
Det midtre panelet viser kva filer som finst i den valde katalogen. Her kan du dobbeltklikka på eit katalognamn for å bytte katalog. Du vel ut ei fil ved å klikka på filnamnet ein gong og deretter trykke på knappen , eller enklare, ved å dobbeltklikka på filnamnet.Du kan høgrekklikka i midtpanelet for å få fram dialogvindauget . |
||||
Det markerte biletet blir vist i vindauget Førehandsvis dersom det kan opnast i GIMP. Like under miniatyren finn du data om filstorleik, oppløysing og oppsettet elles. Dersom biletet er endra av eit anna program, kan du klikka på vindauget Førehandsvis for å oppdatera det. |
||||
|
||||
Denne nedtrekkslista er bare tilgjengeleg frå normalforma av dialogen. Lista gir eit oversyn over bokmerke du kan velje mellom for å lagre biletet ditt. |
||||
Banen for den opna fila blir vist over det midtre panelet. Du kan klikka på knappane for å navigera deg fram i katalogane. |
||||
Dersom du ikkje finn noen høveleg katalog å lagra biletet i, kan du kreere ein ny ved å klikke på knappen Lag mappe og følgje instruksjonane som kjem fram. |
||||
Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype. |
||||
Den vesle knappen Vel filtype er normalt sett til Etter filtype. Dette betyr at filtypen blir bestemt ut frå kva “etternamn” du gir fila, for eksempel “.jpg” for JPEG-formatet.
|