5.14. Avslutt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1799 $ 2007-02-08 KoSt

Trykker du på kommandoen Avslutt, vil GIMP lukke alle opne vindauge og slutte av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merka som “reine”, vil GIMP gjere deg merksam på dette ved å vise ei liste over ulagra bilete. Du kan såleis velje kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du bruker mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen blir utført.

5.14.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen og verktøymenyen via FilAvslutt

  • eller med snarvegen Ctrl-Q. (Engelsk: Quit).

  • I dei fleste operativsystema kan du også lukke biletet ved å klikke på ein “Lukk” knapp ein eller annan plassen i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp blir bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp.

    [Notat] Notat

    Dersom du lukker eit biletvindauge slik som omtalt ovanfor, vil GIMP ganske enkelt lukke biletet. Dersom du derimot lukker verktøyskrinet ved å bruke “Lukk”-knappen, vil du lukke heile GIMP.