Undermenyen
i -menyen i verktøyskrinet inneheld ei liste over andre måtar å importere bilete til GIMP enn frå harddisken eller frå eit nett. Dei vanlegaste er skjermdump eller frå ein skanner.GIMP bruker systemfunksjonar frå maskinen din for å utføre desse oppgåvene. Difor vil kva som skjer når du bruker desse kommandoane og kva namn dei får, variere litt i høve til kva slag datamaskin du bruker.
Kommandoen
er den same som Lim inn som nytt i redigeringsmenyen. Begge opnar eit nytt bilete og limer inn innhaldet frå utklippstavla i det.Tips | |
---|---|
Tasten Print Screen tar eit bilete av skjermen og legg dette inn i utklippstavla. Du kan bruke denne for å ta eit bilete av undermenyar eller andre ting som elles forsvinn så snart du klikkar på skjermen. (Ikkje alle maskinoppsett). |
opnar eit dialogvidauge med fire innstillingar for å hente eit biletet frå skjermen:
Hent eitt bilete: Du kan velje ut det biletet du vil hente inn.
Etter ... sekunds pause: Bruker du 0 sekund, vil vindauget bli fotografert så snart klikkar på det. Skriv du eit høveleg tal sekund her, har du tid til å gjere endringar i vidauget før biletet blir tatt.
Hent heile skjermen: Som namnet seier, hent eit bilete av heile skjermen.
Etter ... sekund pause : Er denne sett til 0, vile biletet bli henta så snart du trykker knappen . Skriv du eit høveleg tal sekund her, har du tid til å gjere endringar på skjermen før biletet blir tatt.
Notat | |
---|---|
Før du lagar ein skjermdump bør du forsikra deg om at det vindauget du ønskjer å ta bilete av ikkje er dekka av eit anna bilete. |
Kva for utstyr som kjem i dette menyvalet, er altfor variert til å kunne få noen generell omtale. Sjå på maskinen din kva som dukkar opp. Som oftast er vala heldigvis nokså sjølvforklarande. I bileteksemplet kan du velje mellom å opna ein skanner eller eit webkamera.