6.2. Angre

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-09 KoSt

Dersom du har gjort eitt eller anna med biletet ditt som du eigentleg ikkje ønskjer å behalda, kan du tilbakeføre biletet til slik det var før endringane ved å trykka på Angre. Nesten alt du gjer kan angrast på denne måten. Unntaket er operasjonar utførte av skript som koplar bort denne funksjonen. Kor langt tilbake du kan angra, blir bestemt av innstillingane i Omgivnader i Innstillingsdialogen. Sjå meir om GIMP sine svært så sofistikerte angrefunksjonar i avsnittet Angre.

Oprasjonar som du har angra forsvinn ikkje sånn med ein gong. Du kan faktisk angra angringa ved hjelp av kommandoen Gjenta. Dette under føresetnad av at du ikkje har gjort andre ting med biletet etter at du utførte “Angre”.

6.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerAngre,

  • eller med snarvegen Ctrl-Z

  • eller ved å klikke på ønskt linje i angreloggen.