6.12. Tøm markeringa

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-11 KoSt

Kommandoen Tøm markeringa fjernar alt i den aktive markeringa. Dersom ingenting er markert, vil innhaldet i det aktive laget bli tatt bort. Viss det aktive laget inneheld ein alfakanal, vil det tømte området bli gjennomsiktig. Du kan gjenskapa originalfargen i det gjennomsiktige området ved å bruke viskeleret sett til “Visk inn”. Har laget ingen alfakanal, blir det tømte arealet fyllt med gjeldande bakgrunnsfarge.

Å tømme ei markering fjernar ikkje sjølve markeringa. I motsetnad til “Klipp ut”, legg “Tøm markeringa” heller ikkje det fjerna området på utklippstavla. Utklippstavla er uforandra.

6.12.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerTøm markeringa

  • eller med snarvegen Ctrl-K.