8.9. Vis filtra

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1962 $ 2007-02-14 KoSt

Bileta dine vil vonleg bli sett av mange ulike menneske på mange ulike datasystem. Biletet som ser heilt perfekt ut på skjermen din, kan sjå heilt anleis ut for folk med synsskader, eller på ein annan skjerm innstilt litt anleis enn den skjermen du bruker sjølv. Deler av informasjonen kan till og med vere usynleg.

Kommandoen Vis filtra gir deg høve til å sjå på bileta slik folk med synsfeil gjer det, eller slik dei blir viste på andre datasystem. Sjølve biletet blir ikkje forandra, bare visinga. Dersom du lagrar biletet som blir vist, er det originalbiletet som blir lagra. Difor kan du heller ikkje gjere om verknaden av filteret med angreknappen eller med Ctrl-Z.

Dei tilgjengelege filtra blir kalla “For fargesvakt syn”, “Gamma”, “Kontrast” og “Fargeprøve”:

8.9.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisFiltra.

8.9.2. Beskriving av dialogen “Vis filtra

Figur 14.51. Dialogen “Konfigurer filter for fargevising

Dialogen Konfigurer filter for fargevising

Denne dialogen har to tekstvindauge. Det til venstre viser Tilgjengelege filter. Du kan flytte eit filter frå dette vindauget og over til Aktive filter ved først å klikke på ønskt filter for å markere det, og deretter på pila som peikar mot høgre. Du kan flytte filtra andre vegen ved å bruke pila som peiker mot venstre. Filtra i vindauget Aktive filter blir aktiverte eller deaktiverte ved at du klikkar på det lille merket framføre filternamnet. Klikkar du på namnet til filteret, blir innstillingane for filteret vist nadanfor i området under Sett opp vald filter.

8.9.3. For fargesvakt syn

Figur 14.52. Beskriving av dialogen “For fargesvakt syn

Beskriving av dialogen For fargesvakt syn


Type fargesynssvikt

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom:

Protanopi (raudblind)

Dette flotte namnet er sett saman av fleire greske ord: “op” for auge, syn; “an” for negasjon; “proto” for første, dvs. den første fargen i RGB fargesystemet. Så, ein person som er utsett for protanopi, har rett og slett nedsett følsemd for raud. Betre kjend som raud-grøn-fargeblind.

Protanopi er eigentleg litt meir komplisert enn dette. Ein person med dette problemet ser ikkje korkje raudt eller grønt, men ser likevel gult og blått. I tillegg har han mindre følsemd for lysstyrke og kuløren han ser skifter mot dei korte bølgjelengdene, dvs. blått.

Deuteranopia (grønblind)

Deuteranopi er nokså likt protanopi, med nedsett følsemd for raudt og grønt. Skilnaden er at ein persom med deuteranopi ikkje har redusert følsemd for lysmengde og heller ikkje fargeskifte mot korte bølgelengder.

Tritanopia (blåblind)

Ein person med tritanopi har redusert følsemd for blått og gult, men har normalt syn når det gjeld raudt og grønt. Som oftast har han også redusert følsemd for lysstyrke og fargeskifte mot dei lange bølgjelengdene, dvs. raudt.

Eksempel

Figur 14.53. Eksempel på protanopi

Eksempel på protanopi

Ein raudblind person kan ikkje sjå den raude (255,0,0) skrifta på svart (0,0,0) bakgrunn. Du må endra tekstfargen.


Figur 14.54. Eksempel på dei tre synsdefektane

Eksempel på dei tre synsdefektane

Desse eksempla viser korleis personar med normalsyn, protanopi, deuteranopi og tritanopi oppfattar fargane. Det ser ut til at filtera ikkje gir eit heilt korrekt bilete av dei medisinske data. I deuteranopi er gult skifta mot raudt, i tritanopi er grønt lite representert i det blå området osv.


8.9.4. Gamma

Figur 14.55. Gamma”-dialogen

Gamma-dialogen


Samanhengen mellom elektrisitet og fargestyrke er på ingen måte eksakt, men er avhengig av kva utstyr, dvs. kamera, skanner, skjerm osv, du bruker. “Gamma” er ein konstant som blir brukt til å korrigera denne samanhengen. Både mørke og lyse område av biletet ditt skal verre synlege sjølv om det blir vist på ein for mørk eller for lys skjerm. Filtervisinga “Gamma” kan gi deg ein ide om korleis biletet ditt vil sjå ut i slike tilfelle.

8.9.5. Kontrast

Figur 14.56. Dialogvindauget for “Kontrast

Dialogvindauget for Kontrast


Nå er vi tilbake i medisinen att. “Kontrastfølsemd” er evna til å oppfatte små skilnader i kontrastar. Det kan vere mange årsakar til at denne evna kan bli svekka. Augesjukdommen “grå stær”, er ein tilstand der det blir utvikla ugjennomsiktige krystallar i augelinsa. Desse spreier lyset over netthinna og gjer synet uklart. Ein annan årsak kan vere skader på stavane og tappane t.d. som følgje av diabetes. Folk med nedsett evne til å sjå kontrastar, kan t.d. ha problem med å sjå prikkane på ein kjole.

Filteret “Kontrast” gjer at du kan få ei førestiling om korleis biletet ser ut for ein med grå stær. Kan hende må du auke kontrasten i biletet slik at også bestemor ser biletet godt. I dei fleste tilfella har du bare bruk for små verdiar for Kontrastsyklusar. Høge verdiar fører med seg ein sideeffekt: Aukar du verdien over 255, vil komplimentærfargane kome fram.

Skulle dette ha vekt interesse, kan du søke på Internett på “contrast sensitivity” eller noe liknande.

8.9.6. Sikre fargar

Dei ulike systema som blir brukte for å reprodusera fargar, kan ikkje behandla uendeleg med fargenyansar. Difor hender det at dei naturlege fargane og dei som blir vist med fargesystemet, ikkje er heilt dei same. Filteret Fargeprofil gir deg ein sjanse til å prøve ut noen kompenseringar for manglande fargar.

Før du skriv ut eit bilete, kan det vere greitt å kontrollera om resultatet blir slik du håper det skal bli. Filteret “Fargeprofil” kan gi eit inntrykk av korleis biletet blir sjåande ut med ulike fargeprofilar.

Figur 14.57. Dialogvindauget for “Fargeprofil

Dialogvindauget for Fargeprofil

Innstillingane for “Fargeprofil

Føremål

Du kan legge til det valde filteret på fire måtar:

Perseptuell

Metoden Perseptuell er den beste metoden for å imitere blekkskrivarar. Det er lite å justera og den visuelle samanhengen mellom fargane blir bevart slik at fargane ser naturlege ut.

Relativ (Kolometrisk)

Denne metoden samanliknar dei svarte og kvite punkta i originalen med dei tilsvarande punkta i det endelege biletet og skalerer kuløren i høve til dette. Metoden passar svært godt for blekkskrivarar. Han har ein tendens til å gi litt mørke bilete, så det kan bli nødvendig å kompensere for dette.

Metning

Denne metoden tar vare på metningsverdiane i originalen. Pikslar som er utanfor metningsområdet blir sett til same metningsverdien. Metoden er lite brukbar til fotografiar, men høver bra for dokument der fargemetninga er viktigare enn nøyaktig farge, t.d. for å reprodusera logoar. Metoden er heller ikkje eigna til å vise kontinuerlege fargeovergangar sidan han fører til “hopp” i fargen.

Absolutt (Kolometrisk)

Denne metoden bevarer dei fargane som kan reproduserast av fargesystemet uendra. Fargar som ikkje kan reproduserast, blir fjerna. Her er det alstå ikkje noe tilnærming til næraste farge.

Profil

Her kan du hente inn ein fargeprofil frå andre lagringsmedia.

Svartpunktkompensering

Dersom resultatet blir for langt frå originalen, blir biletet sett saman på nytt. Verdiane for kulør blir justerte med verdien for svartpunktet i originalen.