Dersom du har tilordna filtypen til GIMP, anten då du installerte GIMP eller seinare, kan du bruke filbehandlingsprogrammet til maskinen din, som t.d. “Nautilus” i Linux eller “Windows utforsker” i Windows, for å finne biletet ditt. Når du har funne det, kan du dobbeltklikka på filnamnet eller ikonet for å opna biletet i GIMP. (Sjå hjelp for maskinen din om korleis du kan tilordna [eng.: “associate”] filtypar til bestemte program).