Den tynne streken som viser kor den endelege streken kjem, er ein kraftfull funksjon som er i bruk for alle teikneverktøya viste i steg 3. Så lenge du ikkje slepp opp Shift-tasten, kan du teikne nye strekar i forlenging av kvarandre. Nedanfor dinn du fleire eksempel på teikning av rette linjer. Har du spørsmål eller merknader? La oss få vite det, t.d. på gimp.no. Happy GIMPing!
Figur 3.35. Eksempel I
Her er det teikna med malepenselen og farge frå fargeovergang
Her er det teikna med kloneverktøyet med “Maple Leaves” som kjelde
Figur 3.36. Eksempel II
I dette eksemplet er det først teikna eit gitter og deretter brukt utsmøringsverktøyet med liten avstand og stor pensel
I dette eksemplet er det først lagt inn ei plasmasky ved hjelp av teiknefilteret og deretter brukt viskeleret med kvadratisk pensel
Figur 3.37. Eksempel III
Utgangspunktet her er ein blå boks. Den øvre og den venstre sida er teikna over med avskyggingsverktøyet. Dei to andre sidene med verktøyet for etterbelysning