Det er mange mindre endringar som er meir eller mindre synlege for brukaren. Her følgjer ei kort opplisting.
Du kan nå køyre GIMP i batchmodus utan X-servar.
Det finst ei binærutgåve av GIMP som ikkje er kopla til GTK+.
Forbetra grensesnitt for inndataeiningar.
Dialog for redigering av verktøyskrinet. Du kan sjølv bestemma innhaldet i og utsjånaden til verktøyskrinet. Spesielt kanskje for dei som ønskjer å legge til fargeverktøy i verktøyskrinet.
Histogram med R, G og B oppdeling for Verdihistogrammet. Dessutan at utrekninga av histogrammet gjeld for innhaldet i markeringa.
Tastesnarvegane er felles for alle vindauga.