2. Rapportering av feil

Du har altså gjort alt for å forsikra deg om at feilen truleg er ein verkeleg feil. Det neste steget blir då å sende feilmeldinga. Det første du gjer er å gå inn på http://bugzilla.gnome.org/enter_bug.cgi og leite deg nedover sidene til du finn GIMP.

[Notat] Notat

Første gongen du sender ein feilrapport, vil du bli beden om å fylle ut ein Bugzillakonto. Dette er nokså rett fram, og du får ikkje noe søppelpost av den grunn.

Du skulle nå hamne på skjemaet for innsending av feilrapporten. Det meste av informasjonen du skriv inn kan endrast av utviklarane, så prøv å få det rettast mogleg utan å vere alt for redd for å gjere tabbar. (Kan kanskje vere ei lita trøyst i å vite at dei fleste som kjem til å lese det du skriv, ikkje har engelsk som morsmål).

Summary (Samandrag)

Skriv ei linje som forklarer feilmeldinga på ein slik måte at andre lett kan finne fram til kva feilmeldinga di går ut på.

Steps to reproduce the bug (korleis rekonstruera feilen)

Følj instruksjonane. Ver så nøyaktig du kan og ta med alt du meiner er nødvendig. Den klassiske ubrukbare feilmeldinga er “GIMP crashes. This program sucks”. Det blir vanskeleg for utviklarane å rette opp eit problem dei ikkje veit kva er. Dersom det er mogeleg, forklar ein prosedyre som kanskje fører fram til feilen. Ta med så mange detaljar at andre kan følje instruksjonane og kanskje kan oppleve å få fram same feilen som du hadde.

Component (Komponent)

Skriv kva del av GIMP som blir påverka av feilen. Er du ikkje sikker, prøv med eit forslag og ikkje bry deg meir om det.

Severity (Viktig)

I dei fleste tilfella merkar du av for “Normal” eller “Enhancement”. Skulle du bomma her, vil utviklarane forandre dette dersom dei meiner det er viktig.

Priority (Prioritet)

Som oftast kan du la denne stå som “Normal” og la reparatørane bestemma prioriteringa. Set du prioriteten til “Immediate” eller “Urgent”, vil dette stort sett bare irritere.

Version (Versjon)

Skriv kva versjon av GIMP du bruker. La versjonen for Gnome vere uspesifisert.

Operating System (Operativsystem)

Skriv inn kva for operativsystem du bruker. Du kan la denne vere tom dersom du er heilt sikker på at feilen er uavhengig av operativsystemet.

Du kan hoppe over resten. Trykk knappen “Commit” for å sende rapporten din. Noter deg nummeret rapporten blir tildelt slik at du kan finne han fram igjen. Du vil få ein e-post kvar gong noen forandrar på eller kommenterer rapporten. Dersom du ønskjer å sjå kva som har skjedd med rapporten, kan du gå inn på http://bugzilla.gnome.org. Heilt nedst på sida finn du “Actions:”. Her skriv du inn nummeret til rapporten og trykker knappen “Find”.

Av og til kan det vere greitt å legge ved ein skjermdump eller andre beskrivingar. Du kan då gå til nettsida for rapporten din og klikke på “Create a New Attachment”. Følj instruksjonane som kjem fram. Du bør bare legge inn vedlegg dersom du meiner dette eller desse er til nytte for feilfinninga. Legg du inn skjermdump, ikkje gjer denne større enn nødvendig. Feilrapportane har ein tendens til å ligge inne i systemet i årevis, så det er ingen grunn til å sløse med lagerplassen.