11.18. Vevnad

11.18.1. Oversyn

Figur 17.240. Eksempel på bruk av vevnad

Eksempel på bruk av vevnad

Etter bruk av filteret «vevnad»


Vevnad er eit skript i Script-Fu som oppretyter eit nytt lag med eit vevmønster. Det nye laget vert lagt til biletet som eit overlegg eller som avbildingskart. Dette kan gjere at biletet kan sjå ut som det er trykt på ein vev av papirremser, tynne trefliser eller bambuspinnar.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

Dette filteret legg eit lag i multiplisermodus over det aktive laget. Vevmønsteret vert teikna i grånivå.

11.18.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskVevnad

11.18.3. Innstillingar

Figur 17.241. Innstillingane for filteret «Vevnad»

Innstillingane for filteret «Vevnad»

For å lage eit grovmaska mønster, kan du auke stripeavstanden og/eller minske stripebreidda.

For å gjere stripene hardare, gjer skyggedjupna mindre.

Stripebreidde

Denne vert brukt for å setje trådbreidda mellom 0,0 og 256,0 pikslar. Normalinnstillinga er 30,0 pikslar.

Stripeavstand

Denne vert brukt til å setje avstanden mellom stripene eller storleiken på dei svarte firkantane mellom stripene mellom 0,0 og 256,0 pikslar. Normalinnstillinga er sett til 10,0 pikslar.

Skyggemørkne

Her bestemmer du kor mørk den underste stripa skal vere i krysspunkta. Låg verdi gir også tynnare striper. Verdi frå 0 til 100 %. Normalinnstillinga er 75,0 %.

Skyggedjupn

Denne styrer kor mykje stripene skal bøyast. Ein høg verdi gir meir bøy medan ein låg verdi gir flatare striper. Verdien kan vere frå 0 til 100 % med 75 % som normalverdi. Verknaden vert avgrensa av verdien sett for Skyggemørkne.

Trådlengde

Denne bestemmer regulariteten for mønsteret. Dersom verdien er mindre enn summen av stripebreidda og den doble stripeavstanden vert stripene prikkete. Verdien kan vere mellom 0,0 og 256,0 med 200,0 som normalinnstilling.

Trådtettleik

Her bestemmer du tettleiken til dei korte fiberliknande stripene på banda. Auk verdien for å auke stripene. Normalinnstillinga er 50,0 %.

Trådintensitet

Her bestemmer du dekkevna for stripene. Låg verdi gjer stripene veikare. Sett verdien til 0 for å fjerne stripene. Normalinnstillinga er 100,0 %.

11.18.4. Anna bruk

Figur 17.242. Å lage eit gitter med filteret «vevnad»

Å lage eit gitter med filteret «vevnad»

Med smal stripebreidde og brei stripeavstand, fylt med mønsterelementet «Wood #1».


Dette mønsteret kan vera eit gitter der du kan sjå originalbiletet gjennom hola. Legg til eit gjennomsiktig lag for rutenettet over originallaget. Klikk på ein svart firkant i teksturlaget med verktøyet vel etter farge og fjern deretter fargen i desse svarte utvala slik at desse vert gjennomsiktige. Reverser utvalet og aktiver det gjennomsiktige laget. Fyll til slutt biletvindauget med eit mønsterelement.