8.53. Eksporter histogram

8.53.1. Oversyn

Eksporterer histogrammet for biletet til ei tekstfil slik at det kan brukast av andre program og lastast inn i eit rekneark. Histogrammer er laga ut frå det merkte biletarealet. Fullt gjennomsiktige pikslar er ikkje tekne med.

Fila som vert laga er ei Utdataformat CSV-fil ("Comma Separated Values", kommadelte verdiar) som kan importerast direkte i dei fleste reknearka. Den første rada i CSV-fila er tittelrada. Det vert generert ei datarad for kvar «bøtte». Kvar pikselverdi kan vera i området 0 til 255 og vert inkludert i éi av bøttene avhengig av kva område bøtta representerer.

Den første kolonnen har tittelen «Områdestart» og inneheld startverdien for bøtta. Kolonnane etter inneheld verdiane for ulike kanalar. Kva kanalar som vert tekne med er avhengig av bilettypen. Kva verdien i kvar kanal er avhengig av kva som er sett i Utdataformat.

Figur 16.247. Eksempel på fil eksportert med «Eksporter histogram»

Områdestart,   Verdi,   Raud,   Grøn,   Blå
          0,     0.0,   0.0,   486.0,    0.0
          1,     0.0,   0.0,   300.0,    0.0
          2,     0.0,   0.0,   336.0,    0.0
          3,     0.0,   0.0,   399.0,    0.0
          4,     0.0,   0.0,   510.0,    0.0
          ....
      

Eksempelfila ovanfor vart generert for eit RGB-bilete ved å bruka utdataformatet Tel pikslar og ein bøttestorleik på 1. Rada som byrjar med nummer 3 beskriv den fjerde bøtta (teljinga byrjar med 0) og inneheld alle pikslane frå verdi 3 opp til, men ikkje med, verdi 4. Talet 399.0 i den rada kan då tolkast som «Det er 399 pikslar som har ein grøn verdi på 3».

8.53.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen under FargarInfoEksporter histogram.

8.53.3. Innstillingar

Figur 16.248. Innstillingane for filteret «Palettutglatting»

Innstillingane for filteret «Palettutglatting»

Histogramfila

Fila som histogrammet skal eksporterast til.

Bøttestorleik

Bøttestorleiken let deg kontrollera kor mange verdiar som skal sjåast på som like og skal teljast i same «bøtta». Ein større storleik på bøtta vil produsera færre bøtter, og dermed færre rader i den eksporterte fila. For eksempel vil ein bøttestorleik på 1 produsera 256 bøtter, medane ein bøttestorleik på 16 vil produsera 16 bøtter.

Prøvegjennomsnitt

Viss Prøvegjennomsnitt er slått på, vert histogrammet generert ved å fletta saman alle synlege lag i biletet. Elles inneheld histogrammet berre det gjeldande laget.

Utformat

Viss alternativet Pikselteljing er vald, vil verdiene i den genererte fila reflektera mengda av pikslar i kvar bøtte. Viss Normalisert er vald, vil verdiene vera mengda av pikslar i bøtta delt på det totale talet på pikslar. Alternativet Prosent liknar på Normalisert, men verdiane er formaterte som prosentar.