15.2. Biletkart

På Internett kan du ofte sjå bilete som du kan klikka på for å oppnå ein eller annan effekt. Den vanlegaste effekten er å leggja inn lenkjer til andre nettsider i område av biletet. Med dette «filteret» er det nokså enkelt å leggja inn slike kjenslevare område i eit bilete. Mange av redigeringsprogramma for å laga nettsider har denne funksjonen innebygd, men du kan altså også bruka GIMP.

15.2.1. Oversyn

Dette programtillegget let deg utforma avgrensa grafiske område i biletet. Det vert også generert dei nødvendige HTML-taggane som du må setja inn på rett stad i HTML-kodinga for sida. Du kan også definera nokre andre handlingar knytt til desse områda.

I dette kapitlet har vi avgrensa oss til omtale av dei vanlegaste bruksmåtane for dette eigentleg nokså komplekse filteret. Ønskje du å utforska filteret nærare, kan du kikka på nettsida [GROKKING02].

15.2.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterNettsiderBiletkart….

Vindauget er lite, men du kan forstørra det. Dei mest brukbare områda er:

  • heilt til venstre er det vist nokre loddrette ikon, eitt for å peika, tre for å kalla opp verktøy for å generere område med ulike former, eitt for å redigera områdeeigenskapar, og til slutt eitt for å sletta eit vald område. Du kan også kalla opp desse funksjonane med kartmenyen,

  • rett til høgre er arbeidsområdet ditt der du kan teikna alle formområda du ønskjer med dei relevante verktøya,

  • til høgre vert det vist eit loddrett ikonsett. Bruken er åpenbar, men eit sprettoppvindauge gjev deg litt informasjon om kvar funksjon,

  • til slutt, til høgre, er eit visingsområde som ei eigenskapsliste over dei oppretta områda. Et klikk på eitt element i lista vel automatisk den tilsvarande forma i arbeidsområdet,

15.2.3. Innstillingar

Figur 17.409. Innstillingane for filteret «Biletkart»

Innstillingane for filteret «Biletkart»

Vindauget for biletkartfilteret


15.2.3.1. Menylinja

Menylinja likna mykje på menylinja i biletmenyen, men med nokre få unnatak:

Fil
Lagra; Lagra som

I motsetnad til andre filter vert resultatet av dette filteret ikkje lagra som biletfil, men som tekstfil. Du må altså lagra arbeidet ditt som ei tekstfil.

[Tips] Tips

Du kan sjå innhaldet i tekstfila ved å bruka kommandoen VisResultatkode.

Opna; Tidlegare opna

Du kan opna tidlegare lagra tekstfiler i programtillegget. Områda du har definert vert lagt oppå det biletet som er i bruk. Dersom det viste biletet ikkje er det originale biletet, eller er i eit anna format, vil GIMP spørje om skaleringa passar.

Rediger
Info om redigeringa

Figur 17.410. Redigere eit biletkartområde

Redigere eit biletkartområde

I dialogvindauget for innstillingar kan du redigera informasjonen om eit merkt område. Dialogvindauget kjem opp automatisk når du opprettar eit nytt område.

Vis

I denne menyen finn du spesielle funksjonar:

Områdeliste

Med denne kan du gøyma eller opna utvalsområdet.

Kjelde

Her ser du rådataa slik du ville lagra dei eller lasta dei inn frå ei fil.

Farge, gråtone

Her kan du velja fargemodus og arbeida med gråtonevisinga.

Kartografi

Denne menyen vert sjeldan brukt i og med at det er enklare å få tilgang til verktøya ved å klikka på ikona til venstre for arbeidsområdet.

Pil

Pila her representerer flytteverktøyet. Når verktøy som er slått på vert valde, kan du merkja og flytta eit område på biletet.

Dersom markeringa er eit polygon (ein mangekant), kan du bruka pila for å flytta eitt av dei raude punkta. Høgreklikk på eit segment mellom to raude punkt for å opna ein sprettoppmeny med fleire ulike funksjonar, mellom anna ein for å leggja til eit nytt punkt. Viss du høgreklikkar på eit raudt punkt, kan du fjerna det.

Rektangel, sirkel, polygon

Desse verktøya vert brukte for å lage klikkeområda på biletet. Klikk der du ønskjer området, flytt peikaren og klikk igjen.

Rediger biletkartinfo

Figur 17.411. Rediger data for biletetkartet

Rediger data for biletetkartet

I dette enkle dialogvindauget kan du skriva inn nokre element som vert lagt til i utgangsfila, anten som merknadar (Utviklar og Beskriving) eller som atributtverdiar i HTML-taggane (Biletnamn, Tittel og Standard-URL).

Verktøy

Med menyen «Verktøy»kan du setja opp hjelpelinjer og rektangulære område.

Rutenett og innstillingane for dette

Figur 17.412. Innstillingane for rutenettet

Innstillingane for rutenettet

Her kan du slå av og på rutenettet og setja nokre av eigenskapane for rutenettet.

Bruk GIMP-hjelpelinjer. Lag hjelpelinjer

Hjelpelinjene er rette linjer som i utgangspunktet går langs kantane av biletet, men kan flyttast etter behov ved å ta tak i dei raude handtaka. Du kan bruka desse linjene til å definera eit rektangelforma klikkområde i biletet.

Lag hjelperuter

Figur 17.413. Innstillingane for hjelperutene

Innstillingane for hjelperutene

Innstillingsmenyen for hjelperutene


I staden for å oppretta geometriske figurar som markerer klikkområda, kan du leggja inn ein tabell med rektangulære klikkområde ved å klikka på Lag hjelpelinjer. Det kjem då opp eit dialogvindauge der du kan bestemma kor store rutene skal vera, avstanden mellom dei, kor mange rader og kolonnar det skal vera i tabellen og øvre og venstre startpunkt. Alle mål er i pikslar. Er du ikkje heilt nøgd med resultatet, kan du redigera kvar rute for seg ved å flytta på dei raude firkantane.

15.2.3.2. Verktøylinja

Dei fleste oppføringane her er snarvegar for funksjonar som er omtalte tidlegare på denne sida. Unnatak:

Flytt opp, flytt ned

Desse knappane vert brukte for å flytta innføringane i utvalslista heilt nedst («Flytt området nedst») eller heilt øvst («Flytt området øvst»).

15.2.3.3. Arbeidsområdet

Figur 17.414. Arbeidsområdet

Arbeidsområdet

Til venstre finn du hovudarbeidsområdet der du legg inn dei figurane (rektangel, sirkel eller mangekant) som markerer dei området på biletet som skal gje ein eller annan reaksjon når du klikkar på dei.

Ved sida av arbeidsområdet er det ei loddrett liste av ikon, eitt for å peike, tre for å kalla opp verktøy for å generera ulike formområde, eitt for å redigera soneeigenskapar og til slutt eitt for å sletta eit vald område; du kan også kalla desse opp frå kartleggingsmenyen.

[Obs] Obs

Merk at områda ikkje må overlappa kvarandre.

15.2.3.4. Utvalsområdet

Til høgre er eit visingsområde som ei liste over eigenskapar for dei oppretta områda. Trykk på eit element i lista for å velja automatisk den tilsvarande forma i arbeidsområdet slik at du kan redigera det.

Sjølv om dei loddrette ikona ved sida av utvalsvindauget er nokså sjølvforklarande, kjem det fram informasjon om kvar funksjon.

Pilene for å flytta utvala opp og ned på lista verkar diverre ikkje her. Sidan du likevel er nøye med at klikkområda ikkje overlappar, har du vel i grunnen heller ikkje bruk for pilene.