2.4. Ulike typar av Script-Fu

Det er to utgåver av Script-Fu-programma:

Sjølvstendige Script-Fu

Desse finn du i menyen under FilHent inn(Skripttype). (Sjå figuren nedanfor).

Figur 13.1. Script-Fu etter kategori

Script-Fu etter kategori

Biletavhengige Script-Fu

Frå versjon 2.4 vart menyane i GIMP forandra. Alle skripta som har med fargar å gjere vart samla i menyen Fargar. Her vil du finne t.d. verktøy for å justere kulør, metning osv. Den gamle filter-menyen og Script-Fu-menyen er slått saman til ein ny filtermeny som er sett opp i høve til dei nye filterkategoriane. Biletavhengige programtillegg og Script-Fu er nå fordelte i biletmenyane. For eksempel er filteret «farge til alfa» nå lagt i farge-menyen. I det heile skulle menyane nå vere meire logiske. Du finn verktøya stort sett der du ventar å finne dei.

Dersom du legg inn andre programtillegg enn dei som følgjer med GIMP, vil desse ofte legge seg i ein ny Script-Fu-meny. Figuren nedanfor viser kvar du kan finne scripta i biletmenyen.

Figur 13.2. Plasseringa av biletavhengige skript (GIMP før v. 2.6)

Plasseringa av biletavhengige skript (GIMP før v. 2.6)