2. Å bruke Script-Fu

2.1. Script-Fu?

Script-Fu er noko av det same som Windows sine «makroar», men mykje kraftigare. Script-Fu er basert på programmeringsspråket «Scheme» og arbeider ved å nytte spørjefunksjonar mot GIMP sin database. Du kan eigentleg gjera ganske mykje med Script-Fu, men den vanlege bruken er vel å automatisere ulike oppgåver som for eksempel slike som

  • du gjer ofte

  • er kompliserte å gjere og vanskelege å hugsa

Skripta som følgjer med GIMP er nyttige på fleire måtar. Ikkje berre kan dei nyttast direkte slik dei er tenkt, men du kan også bruke dei som mønster for å lære Script-Fu, eller i det minste som grunnlag og kjelde for eigenproduserte skript. Les vidare om dette i neste kapittel.

I dette kapitlet skal vi sjå på nokre av dei mest nyttige skripta, men det er alt for mange skript til at vi kan nå over alle. Enkelte av skripta er i tillegg så enkle at du ikkje treng noko oppskrift på bruken av dei.

Script-Fu (ein dialekt av scheme) er ikkje det einaste skriptspråket tilgjengeleg for GIMP, men er det skriptspråket som vert innstallert som standard.