5. Teikne rette linjer

Denne innføringa er basert på tekst og bilete av Copyright © 2002 Seth Burgess. Du kan finne originalen på Internett [TUT01].

5.1. Føremål

Figur 3.45. Eksempel på teikning av rette linjer

Eksempel på teikning av rette linjer

Denne innføringa viser korleis du kan teikna rette linjer med GIMP. Metoden som er vist her er uavhengig av kor nøyaktig teiknebrettet eller musa arbeider, men bruker i staden den reknekrafta som datamaskinen er utstyrt med for å lage figurar som ser både fine ut og samstundes er ordentlege. Meininga er ikkje å teikne komplekse figurar, men ein rask og enkel måte for å teikne rette linjer.

  1. Førearbeid

    Figur 3.46. Indrodusering av Shift-tasten

    Indrodusering av Shift-tasten
    Indrodusering av Shift-tasten

    Då skrivemaskinen blei oppfunnen, blei det også sett på ein ekstra tast for å skifte mellom små og store bokstavar. Denne tasten fekk naturlegvis namnet Skift-tasten. Som oftast har du to slike på tastaturet, ein nede til høgre og ein nede til venstre, omlag slik som på biletet til venstre. I 1970 fann Douglas C. Engelbart opp datamusa. Datamusa kjem i mange variantar, men alle har minst ein trykkknapp. Har musa fleire trykknappar, er det alltid den lengst til venstre som er «museknappen» og som skal brukast når det i oppskrifta står at du skal klikka. Som oftast flytter du musa rundt direkte på skrivebordet eller på ei musematte.

  2. Å lage ei rein teikneflate

    Figur 3.47. Nytt bilete

    Nytt bilete

    Først lagar du eit nytt bilete. Dette gjer du ved å velje Fil+Nytt bilete frå menyen i verktøyvindauget. Storleiken på biletet er ikkje så viktig.

  3. Vel eit verktøy

    Figur 3.48. Teikneverktøya i verktøykassa

    Teikneverktøya i verktøykassa

    Alle verktøya i det avmerka feltet på biletet ovanfor kan teikne strekar.

  4. Sett av eit startpunkt

    Figur 3.49. Startpunkt

    Startpunkt

    Etter at du har klikka på blyanten i verktøykassa klikkar du ein gong på biletet der du vil starte eller slutte linja. Det vil då dukke opp eit enkelt punkt der du klikka. Storleiken vil vere den same som penselstorleiken, som du eventuelt kan forandre i penseldialogen (sjå Del 3.2, “Penseldialogen”). Trykk ned Shift-tasten og hald han nede.

  5. Å teikne linja

    Figur 3.50. Å teikne linja

    Å teikne linja

    Etter at du har markert startpunktet, og framleis held nede Shift-tasten, kan du flytte musa eit stykke og vil då sjå ein rett strek som følgjer markøren. Trykk og slepp museknappen (som oftast den venstre). Heile tida medan du bruker museknappen må du også halde nede Shift-tasten.

  6. Avslutning

    Figur 3.51. Det endelege biletet

    Det endelege biletet

    Dette er ein kraftig funksjon som er brukt i alle teikneverktøya. Så lenge du ikkje slepp opp Shift-tasten, kan du teikne nye strekar i forlenging av kvarandre. På dei nesste sidene finn du fleire eksempel på teikning av rette linjer. Happy GIMPing!