3.18. Fyll utvalet

Med denne kommandoen kan du fylla det gjeldande utvalet med den gjeldande forgrunnsfargen eller det gjeldande mønsteret. Det vert opna eit dialogvindauge der du kan velja mellom desse to. Denne kommandoen er berre aktiv når det finst eit utval.

3.18.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerFyll utvalet

3.18.2. Innstillingar

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 16.21. Dialogvindauget «Vel fyllstil»

Dialogvindauget «Vel fyllstil»

Einsfarga

Forgrunnsfargen frå verktøykassa vert brukt.

Mønsterelement

Det gjeldande mønsteret frå verktøykassa vert brukt.

Kantutjamning

Dette valet er som standard slått på.