6.2. Duplikat

Kommandoen duplikat lagar eit nytt bilete som er ein nøyaktig kopi av originalen, både med omsyn til lag, kanalar og banar. GIMP si utklippstavle og angreloggen vert ikkje endra.

[Notat] Notat

Eit duplikat av eit bilete er ikkje det same som ei ny vising av biletet. I menyvalet VisNy vising vert derimot alle endringar i originalbiletet også vist på den nye visinga.

6.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via BileteDuplikat.

  • eller med snarvegen Ctrl+D.