Normalt inneheld denne undermenyen berre Python-Fu-konsollen slik som på biletet.
Python-Fu er ei samling av Pythonmodular som vert brukte i samband med libgimp for å skriva programtillegg («plug-ins») for GIMP.
Python-Fu-konsollen er eit dialogvindauge som køyrer eit «Python shell», dvs. eit Python tolkeprogram. Konsollen bruker rutiner frå det interne GIMP-biblioteket libgimp.
Du kan bruke Python-Fu-konsollen for å teste ut Python-kommandoane interaktivt.
Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for inn- og uttdata der du kan skrive Python-kommandoar. Når du skriv inn ein Python-kommando i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vert kommandoen handsama av Python og både kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne vert skriven ut i hovudvindauget, eventuelt ei feilmelding dersom det er feil i kommandoen.
Knappane i Python-Fu-konsollen
Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså inn- og utdata frå Python-Fu-konsollen, inklusive «>>>
»-teikna).
When you click on this button, the content of the main window will be removed. Note that you can't get back the removed content using the Save command.
Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren med ein ekstra knapp nedst i vindauget.
Når du trykker på knappen
i prosedyrelesaren vert det limt eit oppkall til den valde prosedyren inn i konsollvindauget som ein Python-kommando:Innskrive PDB-prosedyre
Du må nå berre bytte ut parameternamna (her: «width», «height» og «type») med høvelege verdiar, for eksempel
image = pdb.gimp_image_new(400, 300, RGB)
Trykk deretter Enter for å køyre kommandoen.
You can (and should!) use the constants you find in the description
of the procedure's parameters, for example
«RGB-IMAGE» or «OVERLAY-MODE». But note
that you have to replace hyphens («-») with
underscores («_»): RGB_IMAGE
,
OVERLAY_MODE
.
![]() |
Tips |
---|---|
Python-Fu er ikkje avgrensa til å kalle opp prosedyrar frå PDB, (GIMP sitt prosedyrearkiv). For å lage eit nytt biletobjekt som det i eksemplet ovanfor, kan du også skrive image = gimp.Image(width, height, type) (med aktuelle verdiar for «width», «height» og «type»). |
Trykk på denne knappen for å lukke konsollen.