8.8. Skugge-høglys

Dette filteret vert brukt til å justera skuggar og høglys kvar for seg i eit bilete. Implementeringa føljer nokså nøye det som vert brukt i programmet Darktable Skuggar og høglys.

8.8.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarSkuggar-høglys….

8.8.2. Innstillingar

Figur 16.156. Innstillingar for «Skuggar og høglys»

Innstillingar for «Skuggar og høglys»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Tre innstillingsgrupper:

Skuggar: innstillingar for skuggar:

  • Skuggar: Denne glidebrytaren kontrollerer effekten på skuggane; Positive verdiar gjer skuggane lysare, medan negative verdiar gjer dei mørkare.

  • Skuggefargejustering: Denne glidebrytaren kontrollerer justeringa av fargemetninga for skuggar. Høge verdiar gjev forbetringar av metninga for lyse skuggar, låge verdiar gjev mindre metning på lyse skuggar. Det er trygt å lata dette stå på 100 %. Dette gjev ei naturleg forsterking av metninga på skuggar nokså lik den du ville venta i naturen om skuggane fekk litt meir lys.

Høglys: innstillingar for høglys:

  • Høglys: Denne glidebrytaren kontrollerer effekten på høglysa; negative verdiar gjer høglysa mørkare medan positive verdiar gjer dei lysare.

  • Høglysfargejustering: Denne glidebrytaren kontrollerer justeringa av fargemetninga for høglys. Høge verdiar gjev forbetringar av metninga for formørka høglys, låge verdiar gjev mindre metning på formørka høglys. Ofte inneheld høglysa for lite fargeinformasjon for å gjeva høvelege fargar når dei vert gjort mørkare. Du må kanskje leika litt med innstillingane for å finna dei rette innstillingane i høve til biletet ditt. Ver klår over at det ikkje alltid er mogeleg å få dette til.

Felles: innstillingar felles for skuggar og høglys:

  • Justering av kvitpunkt: Som standard er algoritmen for denne modulen laga slik at svartpunktet og kvitpunktet ikkje vert endra. Av og til kan eit bilete innehalda tonale variasjonar utføre kvitpunktet, altså over ein lysverdi på 100. Eit negativt skifte i glidebrytaren for å justera kvitpunktet kan føra dese verdiane ned i eit høveleg område slik at fleire detaljar i høglyset vert synlege.

  • Radius: Denne glidebrytaren kontrollerer radius for det brukte sløringsfilteret. Høgare verdi gjev mjukare overgang mellom skugge og høglys, men kan føra til haloeffektar. Lågare verdiar reduserer storleiken på gloriane men kan føra til meir kunstig utsjånad.

  • Komprimer: Denne glidebrytaren kontrollerer kor sterk effekten skal påverka mellomtoner. Høge verdiar reduserer effekten til ekstreme skuggar og høglys, låge verdier gjer at også mellomtonene vert sterkt påverka. Du treng til vanleg berre å trykkja på denne innstillinga viss du vil avgrensa effekten til berre å gjelda for ekstreme skuggar og høglys, auka verdien i dette tilfellet. Ved 100 % har denne modulen ingen synlig effekt sidan berre absolutt svart og absolutt kvitt vert påverka.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».