8.31. Sepia

8.31.1. Oversyn

Figur 16.200. Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

«Sepia» brukt


Sepiafilteret imiterer sepiatoning for å legge ei varm bruntone på eit svart/kvitt-bilete.

8.31.2. Aktivering

Du finn denne funksjonen i menyen FargarMindre metningSepia …

8.31.3. Innstillingar

Figur 16.201. Vala i «Sepia»

Vala i «Sepia»

Effektstyrke

Her kan du bestemma kor sterk effekten skal vere. 0,000 er ingen effekt, 1,000 er full effekt, altså at heile biletet vert tona.

sRGB

I denne avkryssingsboksen bestemmer du om funksjonen skal bruka sRGB gammakorrigert eller lineært fargerom