8.6. Metning

Ein annan måte å påverka metninga på. Du kan finna fyldige forklaringar om kroma og metning (på engelsk) i https://ninedegreesbelow.com/photography/changing-saturation-using-lch-chroma.html

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.6.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarMetning…

8.6.2. Innstillingar

Figur 16.154. Innstillingar for «Metning»

Innstillingar for «Metning»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Skalering

Dette valet gjev meir eller mindre metning.

Interpoler fargerommet

Dette valet bestemmer kva fargerom utrekningane for metninga skal gjerast i. Du kan velja mellom Opphavleg, som betyr at fargerommet i biletet vert brukt (standard), CIE LAB/Lch og CIE Yuv.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».