14.5. Cellestøy

14.5.1. Oversyn

Genererer ein cellulær tekstur. Resultatet er uavhengig av det opna biletet.

Filteret brukt med standardinnstillingane: skalering = 1,000 form = 2,000 rangering = 1

14.5.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletvindauget via FilterTeikningarSkyerCellestøy….

14.5.3. Innstillingar

Figur 17.339. Innstillingane for filteret «Cellestøy»

Innstillingane for filteret «Cellestøy»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Skalering

Skalering av støyfunksjonen: Verkar som forstørring.

Form

Interpolerer mellom Manhattan og Euklidsk distanse: (1,000 til 2,000). Låge verdiar gjev stjernekjerner med fire strålar, høge verdiar lagar sirkulære stjerner.

Form = 1,000

Rangering

Vel det n-te næraste punktet: (1-3). Celler er forlenga.

Rangering = 2

Iterasjonar

Talet på støyoktavar.

Palettiser

Fyller kvar cele med ein tilfeldig farge.