5.5. Linsefeil

5.5.1. Oversyn

Figur 17.61. Eksempel på verknaden av filteret «linsefeil»

Eksempel på verknaden av filteret «linsefeil»

Originalbiletet

Eksempel på verknaden av filteret «linsefeil»

Eksempel på bruk av filteret


Med dette filteret kan du simulere, men også korrigere, brytingsfeil i linsene i kameraobjektivet.

5.5.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterForvrengingarLinsefeil….

5.5.3. Innstillingar

Figur 17.62. Innstillingane for filteret «linsefeil»

Innstillingane for filteret «linsefeil»

Alle glidebrytarane har eit område frå -100,0 til 100,0.

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Hovudeffekt

Denne glidebrytaren bestemmer den sfæriske korrigeringa. Positive verdiar gjev ei konveks krumming medan negative verdiar gjev ei konkav krumming av biletet. Effekten kan samanliknast med å lima biletet på utsida eller på innsida av ei kule.

Figur 17.63. Eksempel på bruk av «hovudeffekten»

Eksempel på bruk av «hovudeffekten»

-100,0

Eksempel på bruk av «hovudeffekten»

0,0

Eksempel på bruk av «hovudeffekten»

+100,0


Kant

Bestemmer kor sterk den sfæriske korrigeringa skal vere ved biletkantane.

Figur 17.64. Eksempel på bruk av innstillinga «kant». (Hovudeffekten sett til 50,0).

Eksempel på bruk av innstillinga «kant». (Hovudeffekten sett til 50,0).

-60,0

Eksempel på bruk av innstillinga «kant». (Hovudeffekten sett til 50,0).

0,0

Eksempel på bruk av innstillinga «kant». (Hovudeffekten sett til 50,0).

+60,0


Zoom

Bestemmer kor mykje den tenkte linsa skal forstørre eller formisnke biletet.

Figur 17.65. Eksempel på bruk av innstillinga «zoom»

Eksempel på bruk av innstillinga «zoom»

-100,0

Eksempel på bruk av innstillinga «zoom»

0,0

Eksempel på bruk av innstillinga «zoom»

+100,0


Skift X, Skift Y

Desse innstillingane styrer forskyvinga som kan oppstå når to linser i eit linsepar ikkje er heilt sentrerte.

Hovudeffekten eller Kant må ha ein verdi anna enn null for at effekten av denne innstillinga skal vere synleg.

Figur 17.66. Eksempel på bruk av skift-X (hovudeffekten sett til 70,0)

Eksempel på bruk av skift-X (hovudeffekten sett til 70,0)

-100,0

Eksempel på bruk av skift-X (hovudeffekten sett til 70,0)

0,0

Eksempel på bruk av skift-X (hovudeffekten sett til 70,0)

+100,0


Vignettering

Bestemmer mengda av «vignettering». Ein effekt som kan oppstå når brytinga i dei ulike linsene fører til ulik lysabsorpsjon. Resulterer i lysare eller mørkare område, særleg der det er kantar i biletet.

Hovudeffekten eller Kant må ha ein verdi anna enn null for at effekten av denne innstillinga skal vere synleg.

Figur 17.67. Eksempel på resultatet av «Gjer lysare». (Hovudeffekten sett til 75,0).

Eksempel på resultatet av «Gjer lysare». (Hovudeffekten sett til 75,0).

-25,0

Eksempel på resultatet av «Gjer lysare». (Hovudeffekten sett til 75,0).

0,0

Eksempel på resultatet av «Gjer lysare». (Hovudeffekten sett til 75,0).

+25,0


Bakgrunnsfarge

Den delen av det aktive laget som ligg utanom linsa får den bakgrunnsfargen som er vald her.

Du kan velja fargen slik:

  • Trykk på fargeknappen for å opna dialogvindauget for å velja fargar.

  • Klikk på pipetta til høgre for å henta ein farge frå biletet.