Stillbilete som er laga på grunnlag av eit videobilete vil ofte sjå litt forstyrra ut, med både uklare område og uventa striper. Dette er særleg synleg ved raske rørsler. Årsaka ligg i måten videobileta er sett saman på. For å unngå flimring, blir bileta på skjermen teikna på nytt 25 gonger i sekundet. På eit biletrøyr blir teikninga utført ved å føre ein tynn elektronstråle vassrett over skjermen og såleis teikne linje for linje nedover. Andre skjermar arbeider annleis, men alle teikner linjer på ein eller annan måte. Videokameraet tar 50 bilete per sekund og viser to bilete samstundes. Linje 1 frå bilete nr. 1, linje 2 frå bilete nr. 2, linje 3 frå bilete 1 osv. annakvar gong. Medan bilete nr. 1 blir teikna, står bilete nr. 2 fast, og omvendt. Dersom det nå har skjedd større forandringar i mellomtida, kan dette føre til synlege hakk eller striper i biletet.
Filteret fjerner annankvar linje i biletet, altså det eine av desse to bileta. Tomrommet blir utfylt med fargeovergangar mellom to nærliggande linjer. Resultatet blir litt uklart, men som oftast betre enn originalen. Dessutan kan det nye biletet ofte forbetrast ved hjelp av eigna filter. (Prosessen med å flette saman to bilete blir ofte kalla «interlace» og den funksjonen filteret utfører blir difor ofte kalla «deinterlace»).
Du kan finne testbilete for å prøve ut filteret på [WKPD-DEINTERLACE].
![]() |
Notat |
---|---|
These options are described in Del 2, «Common Features». |
This setting lets you choose between Keep even fields and Keep odd fields. It determines which pixels are kept and which are removed. Try both options to see which gives the best results for your image.
This setting lets you choose between deinterlacing Horizontal or Vertical lines.
This option lets you set the size of the deinterlaced rows or columns.
Figur 17.38. Eit lite eksempel på verknadane av filteret
Topp : Pikslane i like linjer er skifta med ein piksel mot høgre. Botn : Ei linje manglar. (Bileta er forstørra for å vise pikslane).
Avkryssa for Behald like linjer. Topp : Odde linjer er skift mot høgre for at dei skal bli på linje med dei like linjene. Botn: Den tomme linja er fylt med raudt.
Avkryssa for Behald odde linjer. Topp : Like linjer er skift mot venstre for at dei skal bli på linje med dei odde linjene. Botn: Den tomme linja er der framleis, men tilpassa ved hjelp av ein fargeovergang.