14.12. Sjakkbrett

14.12.1. Oversyn

Figur 17.351. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Sjakkbrett»


Dette filteret byter ut innhaldet i det aktive laget med eit sjakkbrettmønster med fargane frå for- og bakgrunn i verktøykassa.

14.12.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementSjakkbrett

14.12.3. Innstillingar

Figur 17.352. Innstillingane for filteret «Sjakkbrett (tradisjonell)»

Innstillingane for filteret «Sjakkbrett (tradisjonell)»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Breidde, høgde

Her bestemmer du kor store rutene skal vera i pikslar vassrett og loddrett.

Å auka berre breidde eller høgde vil oppretta nokre vassrette eller loddrette striper.

Forskyv X, forskyv Y

Desse alternativa forskyv kvadrat vassrett (X) eller loddrett (Y). Verdigrensene er grensene for skjermen.

Farge 1, farge 2

Standardfarge 1 er forgrunnsfargen i verktøykassa, standarfarge 2 er bakgrunnsfargen i verktøykassa.

Du kan endra desse fargane ved å trykkja på fargeknappen eller bruka pipetta til høgre. Storleiken på pipetta kan setjast i GEGL-operasjonane i verktøykassa.