2.21. Avslutt

Trykkjer du på kommandoen Avslutt, vil GIMP lukka alle opne vindauge og slutta av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merkte som «reine», vil GIMP gjera deg merksam på dette ved å visa ei liste over bilete som ikkje er lagra. Du kan såleis velja kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du brukar mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen vert utført.

2.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen frå FilAvslutt.

  • eller med snarvegen Ctrl+Q. (Engelsk: Quit).

  • I dei fleste operativsystema kan du også lukka biletet ved å klikka på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp vert bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp. Klikkar du på denne knappen utan at det er noko bilete i vindauget, vert GIMP avslutta.